ARRANGEMENT

KONSERTAR

28 MARS 2024

NORVALD DAHL


Med suggererande rytmer og syrlege klangar vil jazzpianist og herøyvering Norvald Dahl ta oss med på ei hypnotisk og vakker vandring via 88 kvite og svarte tangentar. Musikken er fritt improvisert over eigne komposisjonar, og ligg i grenselandet mellom jazz, folketonar, pop og moderne klassisisme.


KJØP BILLETT >

10 APRIL 2024

HÅP DUO


Visepoesiduoen HÅP lanserar sitt debutalbum «LEV» og onsdag 10. april spelar dei i Gamle Skrivargarden. Med ei unik blanding av visepop og slampoesi, leiken tilstadevæing på scena og eit brennande engasjement for pyskisk helse og inkludering, er konsertane med HÅP umoglege å kome uberørt fra.

KJØP BILLETT >

TIDLEGARE ARRANGEMENT

20 JANUAR 2024

KVIVEN DUO


Plateslepp! Kviven duo er Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm, to av dei fremste felespelarane på Vestlandet, med mykje fart og glede i strøka! Når dei slår saman sine musikalske krefter byr dei på eit knallsterkt slåttemateriale og eit rykande ferskt album nummer to; «Nordlysets døtre».

26 MAI 2023

KLØVNING / RUBEN MAGNUS / THERMISTOR


Med dei tre lokale artistane Kløvning, Ruben Magnus og Thermistor, inviterar me til trippelkonsert, ein slags minifestival, i Gamle Skrivargarden!

14 OKTOBER 2022

ETHAN GOLD


Ethan Gold kjem endeleg til Gamle Skrivargarden. Dette har me prøvd å få til lenge. Ethan Gold er busett i Los Angeles og har jobba som både musikkprodusent og musikkvideoprodusent, og har i tillegg laga mykje musikk til filmar og til sine eigne strålande album. I fjor slapp han den nydelege plata 'Earth City 1: The Longing' og er no i Berlin for å ferdigstille oppfølgaren. Når han først var i Berlin, tok han kontakt og lurte på om han kunne svippe innom Volda ein tur.

24 APRIL 2022

SIRIL MALMEDAL HAUGE


Siril Malmedal Hauge lagar musikk som beveg og fengjar. Tekstane varierar frå tyngre til fjærlette tema og blir omtenksomt innpakka, med sterke prestasjonar i alle ledd. Hennar nye album «Slowly, slowly» har mottatt strålande kritikkar og er nominert til Spellemann.



13 AUGUST 2021

KÅRE INDREHUS


NY DATO! Fra dei djupe fjordar på Sunnmøre kjem ordsmeden Kåre Indrehus. Med sine ærlege historier om alt fra småbarnsliv til samfunnstrendar seilar han stadig høgare på den nye norske visebølga, og både pressa og publikum har trykt dei originale låtane hans til sitt bryst. Nytt album ute 12. mars!

15-16 DESEMBER 2023

EGIL OLSEN


Ikkje sidan jula me flytta inn, for tre år sidan, har Egil Olsen stått på scena her - anna enn å ha introdusert, dukka opp som gjest med andre, eller underhaldt i lukka lag. 15. desember inviterar me til intimkonsert!

Me fyrer i ovnen, set fram julekakene, kokar gløgg og fyller Gamle Skrivargarden med jul og musikk!

09 MARS 2023

BAKER HANSEN


For 40 år sidan besøkte jazzlegenda Gamle Skrivargarden. “With a view like this, I wouldn't need drugs” skal han ha utalt, der han stod og såg utover Volda. Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen, men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål

02 OKTOBER 2022

1816


Frå historiebøkene er 1816 kjent som året utan sommar. Dette var også året Gamle Skrivargarden blei bygd. Men 1816 er også eit band. Dei utforskar myrkret og lyset i oss alle, med nakne tekstar og musikk som befinn seg ein stad mellom kammermusikk, jazz og alternativ pop. Inspirasjonen kjem like gjerne frå Rachmaninov og Steve Reich som vestafrikansk musikk og pop frå fortid og samtid.



24 SEPTEMBER 2021

RANDI TYTINGVÅG TRIO


Randi Tytingvåg Trio kjem snart med ny musikk. For første gang på norsk! Dei slapp nyleg singelen 'Trøstevise' - ein duett med beste Bjørn Eidsvåg. I september kjem albumet. Trioen bevegar seg i eit kammermusikalsk landskap med element frå visesjangeren, folk og jazz. Sterke songar, levande historiefortelljing, dynamisk spenn og smakfulle arrangement er bærebjelkane.


25 FEBRUAR 2021

ASBJØRN RIBE


Med sin moderne visesong har han truffe breidt blant radiolyttarar og konsertpublikum i Noreg i fleire år. Med fleire A- og B-listingar på NRK P1, ei rekke konsertar på eit utal små og større scener rundt om i heile landet, og nominasjon til årets spellemannpris , får han stadig fleire ihuga lyttarar.


13 OKTOBER 2023

RUBEN MAGNUS


Ruben Magnus slepp sitt debutalbum 'Ej he bestemt mej for å flytte ut av haudet mitt'! Albumet er innspelt på loftet i Gamle Skrivargarden med Egil Olsen som produsent. Me feirar plateslepp med konsert og fest! Med seg på scena har han Egil Olsen og André Innselset, og special guests. Bli med og feir!

24 FEBRUAR 2023

CUCKOO


Cuckoo er kanskje mest kjend for sine elektroniske bleeps på YouTube, populære tutorials av kompliserte synthesizarar, eller for sin umiskjennelege TV-spel-flørtete musikalske stil. Den unikt boblande og lystne elektroniske musikken er blitt kjenneteiknet til denne skjeggete synth-ninjaen.

16 AUGUST 2022

KVERNBERG OG TYLDEN


Jorun Marie Kvernberg og Rune Tylden sitt duosamarbeid strekkjer seg tilbake til tidleg 2000-tal då dei begge var studentar ved Norges Musikkhøgskole. Når dei no tek opp att trådane er det både lokale folkemusikkskattar og Kvernberg sine eigne kompososjonar som står på repertoaret.



15 OKTOBER 2021

ROBERT POST


Han debuterte i 2005 og fekk to Spellemannprisar. Musikken er sofistikert, stemningsfull og fengande, med særpreg og tidlause melodiar. «Når vestlendingen begynner å synge, åpenbarer det seg en englelys stemme fra en kropp som også har lært seg kunsten å skrive popsanger like intrikate som de er delikate...» Stein Østbø, VG etter konserten Robert Post gjorde på Øyafestivalen.

Vi opnar storsalen i Gamle Skrivargarden med konsert med Egil Olsen. Det blir også velkomst og musikalsk innslag med Karen Rosenberg Olsen.